Anne Osland krevde en ny helhetlig landbruks- og distriktspolitikk i møte i Regjeringens kontaktutvalg.
Her kan du laste ned pressemeldingen.pdf
Anne Osland, leder i NBS, sitt innlegg på regjeringens kontaktutvalg 10.11. 2005
Statsminister.
På vegne av Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil eg begynne med å gratulere regjeringa med erkæringa fra Soria Moria med varsel om ei ny kurs og ein ny politikk.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag er glade for regjeringa sine uttalte målsetjingar om å føre ein politikk bygd på rettferdig fordeling og styrking av fellesskapet.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag har store forventningar til regjeringa. Dette kom tydeleg til uttrykk på vårt landsmøte for litt over ei veke sidan kor landbruk- og matministeren gav signal om eit regimeskifte i norsk landbrukspolitikk.
Frå finansministren sin tale til Stortinget i dag har vi spesielt merka oss målsettinga om å bruke handlingsrommet norsk økonomi gir, fleire hender i arbeid, gode og stabile rammevilkår for næringslivet, ein aktiv og målretta distriktspolitikk, ein berekraftig utvikling av natur og miljø, eit kulturløft og auka satsing på forskning og utvikling.
Alle desse målsettingane berører landbruket. Utfordringane vert å klare å utforme ein politikk kor landbruket får betre, meir langsiktige og forutsigbare rammevilkår enn det næringa har i dag.
Kvart år vert det lagt ned om lag tre tusen bruk. Skal landbruket oppfylle dei krav og forventningar storsamfunnet har til matproduksjon, til ein berekraftig bruk og utvikling av naturen og til landbruket som kultur- og kunnskapsbera, må ein ta i bruk nye og andre virkemiddel. Norsk Bonde og Småbrukarlag ser på denne stortingsperioden som eit landskap av mogelegheiter og forventar at det vert utforma ein ny og heilheitleg landbruks- og distriktspolitikk.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil nytte høve til å nemne prinsippet om matsuverenitet, altså retten til å produsere mat til eigen befolkning, som er forankra i Soria Moria erklæringa. Dette er å rekne som politisk nybrottsarbeid på regjeringsnivå. Vi forutset at dette prinsippet står fast i dei pågåande forhandlingane i WTO og at regjeringa gjennom forhandlingane sikrar Noreg og alle andre land sin rett til å føre ein nasjonal landbrukspolitikk.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag beklager sterkt at regjeringa aukar moms på mat med 2 prosent poeng. Det er beklageleg i forhold til forbrukarane og regjeringas eige mål om eit betre fordelingspolitikk. Auka moms på mat forsterkar også presset på råvareprisane.
At regjeringa vel å ta i bruk skatt som eit av fleire virkemiddel for å sikre og auke inntektsnivået i landbruket er bra. Vi registrer at auke i jordbruksfradraget på kr. 10.000 er lagt på toppen og ikkje i botn. Detter er ikkje i samsvar med det regjeringa legg opp til i skatte og fordelingspolitikken for øvrig. Vi beklager derfor at ikkje samme prinsipp er brukt i utforming av jordbruksfradraget.
Lav inntening er ei utfordring for jordbruket. Det er derfor også beklageleg at ein samtidig med skattelette som vil kome eit fåtall av yrkesutøvarane i jordbruket til gode, aukar ein beskatninga på driftsmidlar som traktor, jord og bygningar. Ei beskatning som vil ramme alle.
Når det gjelder Mattilsynet registrer vi at intensjonane i Soria Moria erklæringa om at Mattilsynet i større grad skal finansierast av offentlege midlar så langt ikkje er fulgt opp.
Norsk Bonde og Småbrukarlag er svært nøgd med at regjeringa vil beholde dagens erstatningsordning for husdyr drept av freda rovdyr og forventar ei større satsing på forebyggande tiltak enn det som hittil er foreslått.
Til slutt. Norsk Bonde- og Småbrukarlag legg regjeringserkæringa til grunn når vi ser på tida framover som eit landskap av muligheiter. Vi ser fram til ein god dialog og eit godt samarbeid med det som mål å utforme ein ny og heilheitleg landsbruks- og distriktspolitikk.
Takk