Fjernsynsserien Fattigsleg
Konseptet for fjernsynsserien Herskapelig er slik: Programleiar Toppen Bech ankjem eit av Norges herskapshus eller -gods, kledd i den tids stasklede og hatt og i gammal bil eller hest med kjerre og kusk. Så spankulerer ho rundt saman med eigaren, ser på planter, bygningar, hage og andre ting og snakkar om kor spennande det må ha vore å bu der. Eller med programleiarens eigne ord frå heimesidene til NRK etter lansering av boka Føydalsamfunn, ja takk!:
Jeg og mange med meg savner føydalsamfunnet. Hvorfor? Fordi det var en skjønn tid, med staselige puffe-kjoler, fantastiske hatter og enorme spisesaler. Men også mellommenneskelig var det en fin tid, fordi folk snakket sammen!
For NRK må det vere om å gjere å få balanse, både i notid og fortid. Difor tek eg her til orde for ein fjernsynsserie der andre sider ved dette samfunnet blir vist. I tråd med den første serien kan han kallast Fattigsleg.
Drenger og tauser
Det første programmet i Fattigsleg kan handle om korleis dei som stelte fjøs og jord og hus rundt herskapshusa, drengene og fjøstausene, hadde det.
Drengene på storgardane budde vanlegvis i drengestova. Fjøstauser og fjøsgutar budde på fjøstrevet, grisrøktarane på gristrevet. Der hadde dei tilsyn med dyra heile døgnet. Om ei ku vart sjuk eller skulle kalve, oppdaga dei det. Når grisungane skulle patte annankvar time, var vegen for å setje dei til spenane stutt. Med desse sovestadene slapp også herskapsfolka fjøslukt i stovehuset.
Matskikkane på storgardar på Austlandet seier mykje om samfunnet. Tenestfolka, dagarbeidarane og husmennene, åt i kjøkkengangen. Dei fekk vassgraut eller poteter i sildlake og kaffi kokt opp att på gruten. Om dei fekk kjøtbitar til middag, var det nøye tilmålt, slik at ikkje husmenn skulle lure noko heim til svoltne ungar og ektemake. I kjøkkenet åt handverkarar, gardsstyrar og skogvaktar. Dei fekk ost på skiva, mjølk og nytrekt kaffi. Inne i spisestova åt sjølvefolket med duk på bordet og serveringsdame.
Snakka dei saman, høg og låg? Dei der nede fekk nok ordrar, men dei kunne ha tent på garden livet gjennom utan å ha sett sine føter i spisestova.
Husmannsfamilien
Når drengen eller tausa stifta familie, kunne dei vere så heldige at dei fekk overta ein av husmannsplassane på storgarden. Det fanst gjerne ein husmannsfamilie som kunne setjast på dør dersom yngre, dyktigare og meir varige folk var tilgjengelege. Det andre programmet i serien kan ta for seg husmannsfamiliane.
Eit døme kan vere Mathias Simensen frå Gausdal i Ingrid Semmingsens bok Husmannsminner. Bustadhuset på plassen var på 6 x 6 meter med to rom. Med sju barn låg dei to og tre i kvar seng. Vassvegen var på 150 meter og oppover bakke. Husmannsplikta var om lag to ein halv månad i året. Men elles måtte Mathias stille opp når eigaren bad om det, elles var det bare å tilsi lensmannen til å kaste ham ut.
Mathias gjekk husmann i 41 år. I 1952 fekk han kjøpt den veg- og straumlause plassen for 5 500 kroner. Han lånte 4 900 kroner og betalde resten kontant. 600 kroner var altså dei pengane han hadde lagt seg opp gjennom 41 år som husmann, 15 kroner året.
Barnevandringar
Det tredje programmet kan ta for seg gjetarvandringane på Sørlandet på 1800-talet. Kystbygdene i Aust-Agder hadde fiske og sjøfart og difor velstand. I dei indre bygdene i Vest-Agder var det trongt. Ikkje ein gong fantane kom dit, står det i ei bok. I april kvart år traska derimot flokkar av ungar, dei minste under ti år, til Aust-Agder. Ein kar frå Hægeland skriv: Eg minnest korleis dei kom traskande over Kolandsheia i vårløysinga. Bleike og skrinne, og med sitt fattige pargas på ryggen. Dei hadde eit gamalmannsdrag over andletet, noko vonlaust.
I november vende barnetoget attende. Då hadde ungane med seg eit nytt klesplagg og nokre få spesidalar i lomma til foreldra.
Det fjerde programmet kan vere om skogsarbeidarane. Om vintrane budde dei i tronge og ureinslege koier, to og to på kvar brisk med halm oppå. Den opne elden og seinare svartomnen gav varme og vart brukt til koking, men utette vegger kunne gjere at våte klede fraus til veggen, medan dei nesten brende seg på hi sida. Lukta, av sveitte, svidd amerikaflesk, seletøy til tørk, tjøre til skosmurning, dårleg tobakk og oppattkokt kaffi lèt seg ikkje gjenskape på fjernsyn. Men kontrasten kan visast, mellom skogsarbeidarane og dei store skogeigarane med sine sigarar, pjolterar og dundyner.
Fleire program i serien
Det femte programmet kan ta for seg tenestjentene i byen. Dei kom frå landet, budde i det ørvesle pikerommet innfor kjøkkenet og måtte arbeide frå grytidleg morgon til sein kveld for 10 eller 15 kroner månaden og maten. I Bergen bar dei oftast namnet Piken.
Ei årviss hending i somme byar var pikemarken. Kvar haust kom jenter frå bygdene for å tilby eiga arbeidskraft. Så kom kjøparane anstigande, og stirde og spurde og diskuterte jentene seg imellom. Det kan bli godt fjernsyn av å gjenskape pikemarken.
Det sjette programmet kan ta opp levekår for familiefolk i byen. Eilert Sundt analyserte bydelar i Christiania. 1485 personar hadde 355 rom å bu i, altså vel fire personar pr. rom. Kvar tredje familie hadde eige kjøkken.
Det sjuande programmet kan handle om fiskarane i Lofoten. I rorbuer, ofte på stolpar i sjøen, kunne 12 mann dele plassen med garn til bøting, liner til eigning, klede til tørk og mat til koking.
Det åttande kan ta for seg gruvearbeidarane i Sulitjelma eller Sør-Varanger eller Knaben, det niande det å vere ung jente og til overs i mellomkrigstida og det tiande korleis folk opplevde det å vere på fattigkassa.
Ein slik programserie vil utfylle serien Herskapelig, slik at NRK samla sett gir eit sannare bilete av landet vårt. Dei to seriane vil saman gi viktig historisk innsikt, ikkje minst i at når fortida i dette landet for somme har vore en skjønn tid, er det fordi den same tida har vore av eit heilt anna slag for andre.