NBS - LOGO  
NBS - LOGO NORSK BONDE- OG SMÅBRUKARLAG
Øvre Vollgt. 9, 0158 Oslo, Tlf. 24 14 89 50, Fax. 24 14 89 51 post@smabrukarlaget.no

 HVEM ER VI

 ORGANISASJONSNYTT
 KONTAKT OSS
 ANSATTE
 TILLITSVALGTE
 FYLKESLAG
 ENGLISH

 BLI MEDLEM

 JURIDISK BISTAND
 FORSIKRING

 MEDLEMSAVIS

 JORDBRUKSAVTALEN

 DYREVELFERD

 EU

 HISTORIE

 KULTURLANDSKAP

 LANDSMøTE

 LOVVERK

 MILJØ

 NÆRINGSUTVIKLING

 ØKOLOGISK

 ROVDYR

 SAMVIRKE

 STATSBUDSJETTET

 WTO

 GARDSBRUK.NO

 REALKOMPETANSE

 VIL

 GRØNT SPA'TAK

 BILLEDARKIV

 PRESSEMELDINGER
  Klikk for å se bilde i full størrelse

Annes helsing til Nei til EUs landsmøte

Helsing til landsmøte i Nei til EU laurdag 12 november 2005.

 

 Gode landsmøte.

 

Det er utruleg kjekt å vere her. Det er godt å vere ein stad kor ein får påfyll, spesielt når debatten i det offentlege rom er prega av korte bodskap og ofte eit forvrengt verkelegheitsbilete.

 

Vi har fått ei ny regjering, det gir oss nye mogelegheiter. Vi har ei regjeringserklæring frå Soria Moria med mykje godt politisk handverk. Sannsynlegvis vert denne regjeringserklæringa eit like viktig arbeidsverkty for oss som for regjeringa sjølv dei neste fire åra.

Vår oppgåve er å minne regjeringa, kva einaste dag, på deira eigne mål og visjonar.

 

Eg vil nytte høve til å seie nokre ord om WTO.

For det fyrste, vi skal vere klar over at sjølv om det ikkje vert ein endeleg avtale no i Hong Kong, er det grunn til å tru at ein vil forsøke hardt for å få til ein avtale om få månader.

 

Frå regjeringserklæringa vil eg nemne eit par ting spesielt og som må få stor betydning for Noreg sin opptreden og posisjonar i dei pågåande forhandlingane i WTO.

 

For det fyrste, prinsippet om matsuverenitet, altså kvart lands rett og plikt til å produsere mat til eigen befolkning. At matsuverenitet er eit uttalt mål for regjeringa er å rekne som politisk nybrottarbeid på regjeringsnivå. Frå å vere noko som berre eit fåtall prata om, framheld no også den franske finansministeren prinsippet om matsuverenitet.

 

I regjeringserklæringa står det at ein vil arbeide for openheit kring WTO forhandlingane. Det er heilt nødvendig fordi WTO i dag lider av eit demokratisk underskot. Forhandlingane skjer i lukka rom utan innsyn for offentlegheita. Splitt og hersk er kjent taktikk.

 

Det er eit svarteperspel kor EU er den som no sit med svarteper. Det skal ikkje så mykje fantasi til for å tenkje seg at EU no planlegg å legge fram nye posisjonar for å sende svarteper tilbake til USA.

 

Vi må hugse at når EU og USA tilbyr mykje på landbruk, så er det fordi dei har aggressive interesser på andre områder som industri, tenester og eksempelvis vatnforsyning. Realitetane er at dette er eit bondeoffer. For dei her i salen som spelar sjakk, så veit ein at bøndene er eit viktig forsvar. Om ein tidleg i spelet ofrar bøndene, vert forsvaret verte svekka og kan fort verte øydelagt. I dette tilfellet er det matsikkerheita som vert svekka.

 

Det tredje eg vil nemne er regjeringas uttalte må om å motarbeide sosial dumping. Dette er i kontrast til WTO som berre har eit formål, nemleg frihandel. Frihandel har på få år ført land og menneske ut i ein ufatteleg fattigdom. Lands økonomiar har kollapsa. Faktumet er at frihandel har ført til sosial dumping av millionar av arbeidarar og bønder på alle kontinent.

 

Det vert i media framstilt som at jordbruket er ein kamp mellom fattige og rike land. Dette er eit særdeles forenkla og delvis feilaktig bilete.

 

 

Den verkeleg kampen står mellom 1,3 milliardar småbønder sin interesser mot interessene til multinasjonale selskap om kven som skal ha forkjørsrett på frihandelens motorveg.

 

Den verkelege kampen står om kven som skal forvalte våre felles ressursar i framtida; bøndene og lokaldemokratiet i fellesskap eller kapitalen og børsnoterte selskap.

 

Den verkelege kampen står om på kva måte vi skal produsere maten i framtida. Med eit sjølvsutslettande industrielt jordbruk eller eit bærekraftig småskala familiejordbruk.

 

Mykje av den offentlege debatten vert prega av krav om billegare mat, billegare sprit, billegare bensin.

 

Det fins ikkje noko som heiter billeg mat. Spør kakaoprodusenten på Elfenbeinskysten, bananprodusenten på Dominica eller mjølkeprodusenten i Frankrike. Alle er opptatt av ein ting. Dei er opptatt av å få betalt for sine råvarer for å skaffe inntekt til å forsørgje seg og sin familie.

 

Vi må stille krav til regjeringa i dei pågåande forhandlingane i WTO og vi må seie nei til WTO’s nykolonisering kor kolonisten er kapitalen og transnasjonale selskap. 

 

Vi må stille krav om eit opnare og demokratisk WTO fordi WTO vedkjem kvardagen til kvar og ein av oss.

 

Vi må sikre tiltak mot dumping av mat. Subsidiering av matproduksjon til eigen befolkning, er ikkje problemet. Problemet oppstår når subsidiert mat kryssar landegrenser og øydelegg lokale marknader både i rike og fattige land. Grønvasking av støtte til jordbruket hjelper berre delvis, derfor må ein vurdere andre tiltak for å få sett ein stoppar for eksport av mat under produksjonskostnad. Straffetoll og bøter kan vere døme på slike tiltak.

 

Noreg må halde fingrane av fatet. Det betyr å trekke aggresive krav mot utviklingsland og i staden syte for at dei kan få hjelp til og kunne ta i bruk nødvendige politiske virkemiddel til å bygge opp sin eigen velferdsstat, akkurat slik vi har gjort i Noreg.

 

 

Vårt krav er at ingen avtale er betre enn ein dårleg avtale.

 

Nei til EU er ei folkerørsle med stor kraft.

 

Vi treng ei folkerørsle mot WTO i sin noverande form.

 

Vi må globalisere kampen og vi må globalisere håpet.

 

 

Lukke til vidare med landsmøte.

 

 

Takk for meg!

 

Oppdatert: 15.11.2005



 SØK I ARKIVET

Nei til EU

Ungdom mot EU

NBS sin EU-strategi


Nytt nei



Tips noen om denne artikkelen!

Til:(epostadresse)

Fra:

Melding:

Norsk Bonde- og Småbrukarlag 2010